Topp stemning når Steffen Jakobsen speler opp til dans. Frå venstre: Tilda Kyllingstad Nygård, Trym Kvaale Haugaa, Lucas Emilian Brall, Anders Søvik Omland og Neri Bygland.

Fredagsklubben på Evje samlar folk frå heile Agder til fest kvar månad

Det er fredag kveld, og rundt Årdalshallen på Byglandsfjord er det parkert eit titals bilar. Ute er hausten i anmarsj, men inne sit solstrålene på rekke og rad. Latteren ljomar, cowboyhattane er av ein kvalitet som ville gjort sjølvaste Bjøro Håland misunneleg og på kjøkkenet står ein flittig gjeng og rører i store gryter: Det er kompe- og countrykveld på Fredagsklubben.

Underteikna har ikkje vore innom Fredagsklubben før, og det kjem ho snart til å angre på. For det tek ikkje mange sekunda før eit nytt kjennskap er stifta. Og så endå eit til. Ein varmare velkomst finn ein truleg ikkje nokon stad. Spente festgjestar frå Kristiansand i sør til Valle i nord sit med rutete skjorter og paisleyskjerf rundt haustpynta bord. Dei ventar spent på både kompeservering og kveldens artist: Sjølvaste Steffen Jakobsen frå Grimstad, den tidlegare Idol-deltakaren med den særeigne stemma som passar aldeles perfekt til countrysjangeren.

Dei aller fleste festgjestane har ei utviklingshemming som viser seg på ulikt vis, men dette er irrelevant. For når alle møtast på dansegolvet er det glede og samhald som er i sentrum. Lyse gledeshyl smeltar saman med den djupe vokalen til Steffen, og både rullestolhjul og cowboyboots svingar seg rundt i eit forrykande tempo. I kveld er dei omkring 60 deltakarar, men til vanleg er dei opp mot 100 stykk som skapar latterfylte minne saman.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kombinasjonen kompe og country må seiast å vere ein suksess!

– Eg er alltid med på fredagsklubben! Her kjenner eg alle, og eg gler meg til kvar einaste gong. Eg har oversikt over alle datoane i hovudet, seier Anders Søvik Omland.

Dialekta avslører at han er «frå byen», og dei gnistrande, snille auga avslører at han er svært imøtekommande. Etter ei arbeidsveke er han noko sliten, men han har spart opp noko litt energi som han skal svi av på parketten i kveld. Kanskje får han også ein selfie med artisten?

På fyrste rad, heilt inntil scenekanten, finn ein Neri Bygland. Ein kjendis å rekne i Setesdal, som har fri frå både diktskriving og arbeidet sitt på Verksmoen denne kvelden. Han kjem på kjent vis med eit lite kompliment før han tek av seg hatten for å helse, men også for å vise merkelappen som er påsydd på innsida: Stetson. Det går altså ikkje an å vere meir førebudd på ein kompe- og countrykveld enn kva Neri er.

Kvar månad er det fredagsklubb og fest. Kvar gong er det matservering, og deltakarane er sjølv med på å bestemme både meny og tema. Som regel på Furuly på Evje, men også i andre høvelege lokale, som Årdalshallen eller Evjemoen kino kor den årlege talentkonkurransen Talentiaden finn stad.

Bente Forgard Lineikro og Solfrid Åsland kom frå Åseral med mål om å danse ut fleire skopar.

Men desse faste, månadlege samlingane gjer seg ikkje sjølv. På kjøkkenet, i servitørrolle, bak kakekafèen og på dansegolvet finn ein dei: Dei frivillige. Menneske som bruker av si fritid på å ordne fest, og som får enormt mykje glede att.

Den største primus motoren er Emma Kristine Leesland. Ho er vernepleiar, og saman med Siv Erna Berntsen starta ho opp fredagsklubben allereie i 2008. Det vil seie 16 år med fremjing av livsglede for ei av samfunnsgruppene som treng sosiale samlingsplassar aller mest. Dette arbeidet fekk dei to damene den høgst fortente Frivillighetsprisen for i 2020. No er Siv Erna utanbygds, men Emma Kristine held fram med fredagsklubbkveldar, og med seg har ho ein flott gjeng frivillige.

Strålande blide og viktige frivillige: Emma Kristine Leesland, Mary Ann Kjetså og Else Lid.

– Det er så utruleg viktig med slike samlingar. Me treng det, kvar og ein av oss. Her møtast folk frå heile dalen og nabobygdene, men dei fleste kjem faktisk frå kristiansandsområdet. Og dei kjem fast, kvar månad. Det viser at det gjerne kunne vore skipa til liknande arrangement i nabokommunane våre også, seier Emma Kristine.

Med seg på laget har dei også aktørar frå næringslivet som bidreg økonomisk slik at det er mogleg å gjennomføre ei slik frivilligbasert ordning. I kveld er det Sparebanken Sør som sponsar alt frå komper, artistkostnad og leigeutgifter.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me set vanvittig pris på bidrag frå lokale næringslivet! Og me tek så gjerne imot fleire frivillige - her kan alle bidra på sin måte, om det er med kaker, dekking av bord, kioskhjelp eller anna. Ein treng heller ikkje binde seg opp til å vere med kvar gong, seier Emma Kristine før ho blir etterlyst på dansegolvet.