Biskop Stein Reinertsen, Elling Eikerapen og Gunnstein Kallhovd.

Biskopen fekk ei innføring i turismen i Åseral

– I jola hadde me fullt hus med danskar, no i mars kjem fleire grupper med amerikanarar. I tillegg har over 80 turgrupper med spanjolar bestilt opphald i løpet av dette året. Dette kunne Elling Eikerapen på Eikerapen Gjestegard fortelje då biskop Stein Reinertsen var på besøk i Åseral førre veke.

I eit travelt visitasprogram var det sett av tid til å besøke gjestegarden for å få ei innføring i både historia og rolla til skidestinasjonane i Åseral.

Frå utleigehytter til hotellrom i Eikerapen

Artikkelen held fram under annonsen.

Eikerapen fortalte vidare om korleis utleigehyttene slo an i heimgrenda si på sekstitalet. I 1968 starta Åseral Turistsenter opp, som på det meste kunne tilby 64 utleigehytter og med dette hadde større kapasitet enn Caledonien. Han fortel at det kunne kome opptil sju bussar på rekke og rad direkte frå kaia i Kristiansand, fulle av danske skituristar. Med tida vart utleigehyttene erstatta av private hytter, før Eikerapen Gjestegard sto ferdig i 2017.

– Hadde ikkje turismen kome, trur eg ikkje det hadde budd folk i Eikerapen i dag. Grenda har forandra seg totalt i løpet av mi levetid, frå nokre gardar med tilnærma naturalhushaldning til å bli ein turistdestinasjon, seier Eikerapen.

– Eg blir så motivert av å få til noko. Drivkrafta for å starte opp gjestegarden her har vore å få til arbeidsplassar.

Suksessoppskrifta til Bortelid Utmarkslag

Vidare fekk biskopen høyre Gunnstein Kallhovd fortleje om historia til hyttedestinasjonen Bortelid. Kallhovd er pensjonert kriminalteknikar som no er busett på sine heimlege trakter på Lognavatn. Han er aktiv som styreleiar i Bortelid Utmarkslag.

Kallhovd fortel at turismen i Logndalen starta allereie i 1889 med Åseral Turisthotell på Lognavatn. Hit kom engelske lordar for å jakte og fiske, noko som sysselsette mange logndølar. Hotellet forsvann i flammar i 1931, men logndølene gløymte visst ikkje at det var mogleg å få inntekter på turistar. Bortelid vart det nye turistmålet, og denne tanken høvde godt med den nye fjellplanen til regjeringa som gjekk ut på å skape turistverksemd i heiene mellom Ryfylke og Setesdal.

– I 1966 sette ni grunneigarar seg saman for å dra i gang hytteutvikling på Bortelid. Seks år seinare stifta sju av desse Bortelid Utmarkslag. Ingen av grunneigarane var forretningsfolk, dei var bønder. Dei pantsette gardane sine for å kunne satse. Føremålet var å skape arbeid for etterkomarane sine.

Mot 2000-talet vart datterselskapet Bortelid Fjellpark danna, og dei la inn ei avgift i alle hytteavtaler. Denne avgifta går til fellestiltak, og kjem difor hytteeigarane til gode.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Denne fastsette avgifta gjer at hytteeigarar no betalar inn 1,4 millionar i året berre til løypekøyring. I tillegg får ein inn pengar til blant anna turanlegg. Hyttefolket i Bortelid vil halde på med familieaktiviteter, difor er me nøydd til å utvikle oss som ein familiedestinasjon, fortel Kallhovd.

Berekraft og samarbeid

Nyleg har Åseral kommune starta opp eit Gnist-prosjekt i Bortelid, som i korte trekk handlar om at ein skal skape berekraftig utvikling i framtida, med hytter som er meir terrengtilpassa og meir klimavennlege.

At ein må spele på kvarandre for å gje turistar og hyttefolk gode tilbod, var også eit tema.

– Me har ikkje serveringsmoglegheiter og rom til utleige, men det har Eikerapen og Ljosland. Avstandane er ikkje store, og me er nøydd til å samarbeide og dra lasset saman, meinte Kallhovd.

Dette sa Eikerapen seg særs einig i, og han lufta tanken om å samarbeide om å få til eit utsal av lokale varer.

– Det skjer ofte at turistar etterspør lokale varer som dei kan ta med seg heim i kofferten, til dømes lokale kjøtprodukt. Det hadde vore fantastisk å få til eit slik utsal med åseralsvarer, avslutta Eikerapen.