I mål med riksveg 9

I morgon blir ei ny utgåve av Nasjonal Transportplan presentert. Det er det viktigaste arbeidsgrunnlaget for samferdselspolitikken her i landet dei neste 12 åra. For mange prosjekt har det vore eit arbeidsmål å kome inn på lista over tiltak som det er meininga å gjennomføre i denne perioden. Minuset er sjølvsagt at om ein får innpass i det gode selskap, er det alltid ein fare for at ein kan ende langt ute i perioden. I morgon får ein altså vite kor restfinansieringa for riksveg 9 i Setesdal blir liggjande.

Mykje tyder vel på at eit prosjekt som det manglar så lite på å få fullført, ikkje kjem til å bli drygt ut for lenge. På møtet med statssekretæren i Samferdselsdepartementet på Revsnes Hotell måndag, vart det understreka at kommunane i Setesdal har stått samla bak kravet om ”gul stripe til Hovden”, og at det har vore avgjerande for å lukkast så godt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Me vil legge til at det ganske sikkert også har spela ei rolle for framdrifta at både kommunane og fylkeskommunen, med kraftkommunane sine konsesjonskraftmidlar, har vore så betalingsvillige. Medan ein i gamle dagar venta at Staten bygde riksvegar, har lokal innsats vore sterkt medverkande i Setesdal. Dessutan har både statsrådar og andre som snorklypparar kvar gong ein ny vegstubb vart opna, fått høyre at det er langt billegare å bygge veg her i distriktet enn andre stader i landet. Det likar dei å høyre.

Påsketuristar og andre vegfarande i desse dagar bør vise forståing for vegarbeid og mellombelse hindringar, for dei skal vite at ein snart er i mål med utbetringane på riksvegen gjennom Setesdal. Det har vore eit eventyrleg samarbeidsprosjekt som både Staten, fylkeskommunen og ikkje minst framtidsretta lokalpolitikarar har all ære av.