-CO2 er ein gass som blandar og breier seg i heile atmosfæren, og staden han blir sluppen ut er uvesentleg, skriv Åsulv Tønnesland i dette innlegget.

Redaktøren sin klimadebatt

Sigurd Haugsgjerd bruker den 19.08 leiarplassen til å tale om vår tids kanskje aller største trussel.

Ei endring av atmosfæren på jorda som allereie idag kostar mange menneske livet, og som kjem til å ta livet av mange, mange fleire i åra som kjem (men kanskje ikkje så mange i Setesdal). Ei endring og ein mekanisme vi alle bidreg til, nokre av oss meir enn andre. Kva er det du meiner er historielaust, herr redaktør? Du talar om syklusar nokre hundre år tilbake i tid og insinuerer slik at det vi nå ser også kan vere del av ein naturleg syklus(!) På rundt 100 år har vi dobla CO2-nivået til det høgste på over 4 millionar år. DET er historielaust å ikkje ta med seg.

Navlebeskuande

Du skriv bevisst tvetydig om menneskeskapte klimapåverknader. Bør vi stole meir på eigne klima-”analyser” enn konklusjonane frå fleire tusen vitskapsfolk som har jobba i tiår på det største vitskapelege prosjektet i menneskeleg historie? Det nærmar seg i så fall fort meir ein diagnose enn eit adjektiv.

Artikkelen held fram under annonsen.

Du bruker det gamle trikset om at det vi gjer i vesle Noreg blir ubetydeleg i den globale samanhengen. Del Kina og andre land opp i einingar på 5 millionar menneske og kvar kan hevde akkurat det same. Kor navlebeskuande og ansvarsfråskrivande går det an å vere?

Ikkje så enkelt

Nyare forskning viser også at klimaeffekten av både industriskogbruk (utslepp frå bakken), vern (sakte binding) og nyplanting (endra albedo) langtfrå er så enkel og effektiv som Haugsgjerd ser ut til å meine. Forsk-ninga er dessutan klar på at spreidd busetnad generelt har vesentleg høgare miljøavtrykk og utslepp per person enn byar.

Er det skilnad på CO2 som kjem frå ein bil i Setesdal og på Grünerløkka, Haugsgjerd? Dette må du forklare nærare. Rektig gale blir det når du talar om å redusere CO2-konsentrasjonane i byar og tettbygde strok gjennom ”å legge meir til rette for arbeidsplasser og busetnad i periferien der CO2 altså tolest.”

Utsleppsstaden er uvesentleg

CO2 er ein gass som blandar og breier seg i heile atmosfæren, og staden han blir sluppen ut er uvesentleg. Om det er manglande matte- og naturfagkunnskap, vilje eller eit sørgeleg forsøk på å argumentere bort eige og andres dårlege samvit som ligg bak, veit ikkje eg. Men i ei tid der falske nyhende, antivitskapleg ønsketenking og feilinformasjon effektivt bremsar gjennomføring av kritisk viktige miljøtiltak, så er dette her stygt på ein redaktørplass.

Med venleg helsing

Åsulv Tønnesland