Maryam Shuhait og Tallak Risdal Momrak slo av ein prat på Landbrukets Dag på Evje. Tallak var ein av over 9000 menneske som var innom portane på Evjemoen under messedagane.

9.000 innom Landbrukets Dag på Evje!

Trass i skiftande vêr var til saman rundt 9000 menneske innom portane på Landbrukets Dag på Evjemoen. –Det er for oss eit vanvittig godt tal, seier dagleg leiar Torbjørn Bjoraa.

Det var mange lokale folk på Landbrukets Dag på Evjemoen i helga, men nokre hadde også reist langt for å få med seg landbruksmessa.

Med over 9000 besøkande i løpet av landbrukshelga på Evjemoen, er dagleg leiar Torbjørn Bjoraa strålande fornøgd.

–Det er for oss eit vanvittig godt tal. Eg vart særleg positivt overraska over oppmøtet på laurdagen då det var ganske dårleg vêr. Men folk har stilt opp, og me hadde endåtil nokre som køyrde 70-80 mil på helgetur frå nordvestlandet for å gå på Landbrukets Dag og kjøpe litt verktøy, fortel Bjoraa med eit smil.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg vart særleg positivt overraska over oppmøtet på laurdagen, då det var ganske dårleg vêr, seier Torbjørn Bjoraa. Mest folk var det likevel på søndagen, som vart ein god messedag med finare vêr.

Folk såg ut til å setje pris på både å treffe kvarandre, smake på og handle lokalmat, møte politikarar og å sjå kva dei mange utstillarane viste fram.

Les også
Stor glede på opning av landbruksdagane