Restaurantdrivarane Ze Hong Chen og Huihong Huang Chen på Evje gav seg etter 29 år. Saka vart lese av flest menneske i løpet av heile 2022 på setesdolen.no.

Dette vart mest lese i 2022

Setesdølen har endå mange trufaste lesarar som helst vil ha papiravisa levert i postkassa to gonger i veka med smått og stort frå Setesdal. Men her på nettsida aukar trafikken stadig, og nokre saker blir meir lese enn andre. Her kjem overblikk over saker som har vore blant dei 30 mest lesne i 2022.

Lokalavisåret i Setesdal starta med ei sak som mange fann veldig interessant. Kristina Merete Støvik på Moisund fekk 750.000 kroner av Innovasjon Norge for å ha starta Kvinneportalen, ein nettportal for kvinner og seksualitet. Dette vart ei av dei mest lesne sakene på setesdolen.no i år.

Gründer med stort vågemot, Kristina Merete Støvik på Moisund ville mange lese om ved starten av året.

I saka stod det om korleis gründeren kjente på overgangen frå det ein kan kalle ein ”vanleg jobb” til ein meir uføreseieleg, men kanskje endå meir spennande jobbsituasjon. På slutten av året kom nyheita om at Steinar Nomeland sel seg ut av selskapa Nomelands Anleggsmaskiner AS og Nomeland Maskin AS. Han uttalte i saka at nå må han kanskje finne seg eit ”vanleg arbeid”. Saka vart ei av dei mest lesne på kort tid.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ved å delta føler eg at ein kan vere med å påverke og ikkje minst forstå mykje meir av det som skjer i kommunen, sa lokalpolitikar i Evje og Hornnes, Linn Moseid (H) i ei mykje lest sak på setesdolen.no.

Også mangesyslaren John Hallvard Kjelleberg i Valle vekte stor interesse i april då han fortalte om arbeidskvardagen sin med nydyrking og skjering av tømmer. Den unge og driftige valldølen var fornøgd med å ha fleire bein å stå på, og fortalde om planane sine om å ta på seg leigeskjering.

Mange ville lese om mangesyslar med fleire bein å stå på, John Hallvard Kjelleberg i Valle.

Frå Bygland kom saka om då Sveinung Attestog disputerte i dalebuksa, og vart grilla innanfor ulike tema i doktorgraden i mekatronikk. Ei sak som raskt vart blant dei 20 mest lesne sakene i år.

Den nye drivaren på MEKK Evje, Roger Jacobsen (t.v.) med kunde Erik Undem.

Nytt frå næringslivet

Næringsliv og arbeidsliv er altså tema som interesserer mange, slik som då MEKK på Evje fekk ny drivar. I slutten av november skreiv Setesdølen om Roger Jakobsen frå Vennesla som opplevde å få ein god start etter å ha overtatt den daglege drifta av jernvarehandelen på Verksmoen.

JetBurger-gründerane på Evje, Eskil Rundsag Høgetveit (t.v.) og Johannes Møen fortalde i mars om planane for nytt gatekjøkken i Evje sentrum.

Også saka om dei unge gründerane som satsar på gatekjøkken på Evje vekte stor interesse då ho vart publisert i mars, og vart den mest lesne saka den månaden. Nå er bygget reist, og JetBurger er inne i varmen og går ein spennande epoke i møte. Saka om den populære klesbutikken Sjarm i Evje sentrum som vart lagt ned, vekte også mykje interesse blant Setesdølen sine lesarar.

Les også
Setesdalens Kennel: Ettertrakta elghundar

Setesdalens Kennel på Evje markerer seg både nasjonalt og i Norden med høgt premierte elghundar. Saka frå oktober om Rita og Terje Vasland fekk mange lesarar.

Mange ville lese om Bergtun Hotell i Valle og Bjørn Erling Auestad som etter ein turbulent pandemi med nedstenging og skjenkestopp såg fram mot ein normal sommar og 60 kvm med ny bar.

Flest ville lese om Dragon Inn

Det gjorde også nyheita om kinarestauranten Dragon Inn på Evje som skulle leggje ned etter 29 års drift. Saka er den på setesdolen.no som flest personar har vore inne på i heile 2022. Det tyder på at restauranten til Ze Hong Chen og Huihong Huang Chen på Evje er ein stad som mange har hatt eit forhold til opp igjennom åra.

Les også
Legg ned kinarestauranten på Evje

Då ”Plasten” på Bygland gjekk konkurs, var det mange lesarar som ville få med seg saka på setesdolen.no.

Fritid og frivilligheit

Men det er ikkje berre nytt om verksemder som er godt lesestoff på setesdolen.no. Saka om den nye motorcrossbanen på Kjetså i Evje og Hornnes og alt dugnadsarbeidet som er lagt ned der, vekte mykje interesse. Tilbodet har vore etterlengta, og Frank Uleberg i motorsportgruppa kunne melde at dei no har over 100 medlemmer, og at det på kvar einaste trening var rundt 30-40 deltakarar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Frank Uleberg i motorsportgruppa i Otra IL på den nye banen.

Saka frå nasjonaldagen om då målaren stod for musikken i 17. maitoget gjennom Byglandsfjord, var også av interesse for mange. Kanskje var det for å sjå eit glimt av kjente i toget, men den noko spesielle situasjonen ved at hornmusikken i Bygland måtte reise til nabokommunen for å få betalt for oppdraget, gjorde nok saka ekstra interessant.

Torjus Homme (87) fauk med helikopter over sitt barndoms paradis i Valle austhei. (Foto: Privat)

Interessant var også reportasjen om då Torjus (87) frå Valle fekk seg ein helikoptertur over barndommens paradis på heia.

Gullfunn og kyrkjefest

Soknerådsleiar og klokkar Bernt Einar Berntsen ringte inn til den historiske Bykle gamle kyrkje som var fullsett i høve 400-årsfeiringa i september, to år etter det eigentlege jubileet.

I Bykle var det kyrkjejubileum to år etter at den gamle kyrkja fylte 400 år. Mange ville lese saka om kyrkjejubileet i september. Saka om gullfunnutstillinga på Bygland var det også mange som klikka seg inn på då ho vart publisert i same månad. Det vart kø for å kome inn i det gamle bankhvelvet for å sjå gullet frå 400 e. Kr.

Opninga av gullfunnutstillinga i det gamle bankhvelvet på Bygland trekte mange folk til bygda. Her studerer første visepresident i Stortinget, Svein Harberg gullet frå 400 e.Kr.

Berre eit steinkast unna kom saka om Torhild og Einar Bygland som gav seg etter 50 års teneste i bygda med drosjekøyring, ambulanse og bensinstasjon.

Ekteparet Torhild og Einar Bygland takka av i januar som drosjesjåførar etter 50 år i teneste for bygda der dei også har drive bensinstasjon og køyrt ambulanse.

Dugnadsarbeid lengst sør i kommunen, nærare bestemt ved Byglandsfjord stasjon vart også ei av dei 30 mest lesne sakene i år. Driftige kvinner og menn på Byglandsfjord har lagt ned eit ukjent tal timar på å gjere utearealet ved stasjonsbygningane til eit flott parkanlegg.

Les også
– Det er ei perle me må ta vare på

Kokain, Bykle-bråk og hytteplassering

Frå det trivelege og nære til det meir dramatiske, kunne politiet i Setesdal før sommaren fortelje at kokain har blitt meir vanleg på fest både på Evje og i Valle. Politiet frykta særleg at yngre skulle bli introduserte for stoffet, og gjekk difor ut med åtvaring og oppmoda folk om å melde frå om openlys bruk.

Frå Bykle var mange interesserte i å lese om då det vart fremja mistillitsforslag mot kommunedirektøren i oktober, etter svara ho gav i etterkant av rapporten om det psykososiale miljøet ved skulane i kommunen. Mistillitsforslaget fall i kommunestyret.

Frå Valle var saka om hytteplasseringa som kunne ende i rettsalen mykje lese. Det var plasseringa av hytta ved Saudalsmyra, Valle kommune og grunneigar stridast om.

Artikkelen held fram under annonsen.

Plassering av hytta ved Saudalsmyra var striden mellom Valle kommune og grunneigar under tittelen ”Hytteplassering kan ende i rettssalen”.