Langs heile framsida av elevheimen på Setesdal vidaregåande skule på Hornnes er nå kledd med solcellepanel.–Me synest det vart fint. Det har blitt ein naturleg del av fasaden, seier administrasjonsleiar Åshild Bødal.–Så har me fått rydda mykje tre rundt så sola skal få sleppe til, seier Maliq Smeland som er byggdriftarlærling på Hornnes.

Elevheimen kledd med solceller

Det er ikkje berre på Bygland dei har tatt solcellepanel i bruk på offentlege bygg. På Hornnes har elevheimen ved den vidaregåande skulen fått kledd eine sida med solcellepanel. Dei skal kunne dekke 10% av straumforbruket der.

Det var grått, kaldt og regnfullt då Setesdølen besøkte Setesdal vidaregåande skule på Hornnes, så det var ikkje den største produksjonen frå dei nye solcellene på elevheimen denne dagen. Men byggdriftarlærling Maliq Smeland kunne fortelje om investeringa på 500.000 kroner som Fylkeskommunen har gjort for å utnytte langt finare dagar til straumproduksjon.

Maliq Smeland sjekka kor mykje straum solcellene produserte når Setesdølen be-søkte skulen.–Ganske grått i dag, så nå produserer dei bare 18 watt. Toppen er 3 kw, forklarer Smeland. Frå september har solcellene på elevheimen produsert 1300 kW.

Investeringa er kalkulert til å kunne dekke 10 % av straumforbruket på elevheimen, noko som både er framtidsretta og økonomisk. Resten kjem frå det vanlege straumnettet, og alt saman skjer automatisk.

Artikkelen held fram under annonsen.

I elevheimen er det også skifta ut eldre lyskjelder i gangane, noko som har positiv effekt på straumforbruket.

–Dei nye lampane gir heller ikkje frå seg varme. For varmen vil me heller få frå flisfyringsanlegget, ikkje gamle lamper, seier Smeland.

Merkar det på straumrekninga

Fasaden har i samband med montering av solcellene også fått seg eit løft. Elevane vil ikkje merke noko særleg til endringane som er gjort i haust, anna enn at dei nå bur i eit litt meir modernisert bygg.

–Men me som betalar straumrekninga vil jo absolutt merke det, seier han.

Smeland går raskt inn på nett på mobilen for å hente fram dagens straumproduksjon, og fortel at folk enkelt kan følge med på dette på alle offentlege bygg.

Frå solcellene vart monterte i september har dei produsert 1300 kW.

–Dette kjem godt med nå når straumen er så dyr, seier Smeland.

Elevheimen ved den vidaregåande skulen på Hornnes har fått montert solceller på eine sida av bygget. Fylkeskommunen har investert 500.000 kr i tiltaket.