Knut Birkeland (t.v.) og bilseljaren Chriss Nilsen kan ikkje halde opningsfest, men ønskjer at folk kjem innom for å studere nye eller brukte bilar.

-Folk også her i distriktet kjøper meir hybrid-bilar

-Her i distrikteter det plugin-hybridvarianten som det blir selt stadig meir av fordi folk vil køyre elektrisk lokalt, men også ha mulighet til å køyre på lengre turar og då bruke meir tradisjonelt drivstoff, seier Knut Birkeland på Autosevice Evje AS på Verksmoen. I desse dagar har han tatt i bruk ny utstilligshall etter kraftig utvidig. Det har gitt alle avdelingar i verksemda betre plass.

-Ein viktig grunn til utbygging har vore å betre arbeidsforholda til dei tilsette og imøtekome kundane sitt behov for utstilling. Utvidinga heng ogsåsaman med myndighetene sine strengare krav til ventilasjon og slutt på oljefyring, seier Knut Birkeland.

Han rosar dei tilsette, flinke folk som står på året rundt, og meiner dette er viktigaste grunnlaget for at bedrifta stadig kan utvikle seg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Utvidinga har gitt betre utstillingsplass langs riksveg 9. Til saman er det no rundt 500 kvm. for oppstilling av nye bilar innandørs. I tillegg er det god plass til bruktbilar langs riksvegen på utsida.

Anita Birkeland og Robert Håvorstad er nytilsette kontorfolk i resepsjonen hos Autoservice AS på Verksmoen på Evje.

Møter trendar og behov

Som den einaste bilforhandlaen på Evje er Knut Birkeland oppteken av å utvikle eit tilbod i tråd med trendar og behov som melder seg.

-Generelt veit me at det blir selt stadig færre reine bensin- og dieselbilar. På den andre sida er det ein viss skepsis til reine el-bilar i eit distrikt med lange avstandar. Difor er kombinasjonen plug-in hybrid svært ettertrakta lokalt, seier Knut Birkeland.

I tilbygget som no er gjort ferdig, har han fått god plass til eit solid utval av KIA-modellar frå Bertel O. Steen. Der finn ein alt frå reine el-bilar til SUV. Dette har også frigjort plass i den tidlegare utstillingshallen der RSA-variantane med Suzuki, Isuzu og Maxus med el-varebil som ein av bestseljarane.

Suzuki har i tillegg til 4-hjulstrekk på alle modellane også satsa på hybridvarianten.

Meir utstillingsplass

-Utvidinga gjer det lettare for oss å vise fram bilane. Difor er folk stadig velkomne til å stikke innom oss for å studere alt det av nye eller brukte bilar som folk kan finne på Evje, seier Knut Birkeland som også har tilsett Chriss Nilsen som seljar for å ta seg av kundar.

Det heiter gjerne at Evje har det meste av bransjar i dag, og Autoservice Evje AS er åleine som bilforhandlar i bygda. Knut Birkeland opplever at mange set pris på å kunne handle lokalt.

Det er ein fordel når eitt eller anna må ordnast i ettertid, det oppstår fort eit tillitsforhold mellom forhandlar og kunde, og det forpliktar kanskje litt ekstra å selje ein bil til folk i bygda eller nærområdet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bilforretning og verkstad

Knut Birkeland har halde det gåande i snart 25 år. Han driv kombinasjonen bilverkstad og bilforretning, og hadde i fjor samla omsetning på 23-24mill. kr. Utvidinga nyleg har gitt han ein ny 2.etasje med møterom, sosiale rom for dei 10 tilsette og frigjort kontorplass i sjølve verkstaden. Det er vinn-vinn over alt.