-Me bygger butikk for dei neste 20 åra, seier brødrene Svenn Olav og Tor Øyvind Skjeggedal med nye kjøleskap i bakgrunnen på SPAR Evje. Butikken vil bli stengt frå måndag til og med torsdag i neste veke på grunn av ominnreiing.
-Me bygger butikk for dei neste 20 åra, seier brødrene Svenn Olav og Tor Øyvind Skjeggedal med nye kjøleskap i bakgrunnen på SPAR Evje. Butikken vil bli stengt frå måndag til og med torsdag i neste veke på grunn av ominnreiing.

Skiftar ut kjøl- og frys for 4 mill. kr.

-Nye miljøkrav gjer at me gjennomfører denne ominnreiinga og oppdateringa berre 6 år etter at me var gjennom mykje av det same, seier Svenn Olav Skjeggedal på daglegvarebutikken SPAR Evje.Omlegginga inneber at det er ei viss flytting og omkalfatring for tida med gamle kjøle- og frysediskar som skal ut, og nye på veg inn.

Det er montørar frå Mandal Kjøleservice AS saman med lokale elektrikarar som monterer og installerer det nye og langt meir miljøvennlege utstyret. Fram mot helga blir det endå meir hektisk når over 6.000 vareslag skal flyttast. Både måndag, tysdag, onsdag og torsdag i neste veke blir butikken stengd. Fredag derimot blir det pangopning igjen med knallprisar på svært mykje, lovar innehavarane.

30 år på Verksmoen

SPAR Evje, som også i 2018 hadde eit fint år med samla omsetning på over 42 mill. kroner, synest å greie seg svært bra i hard konkurranse med 4 andre daglegvarebutikkar i nærområdet. 1. februar hadde Odd Arne Skjeggedal drive i 30 år på Verksmoen. Han passerte ”jubileet” utan ståhei, men tar det altså igjen fredag om vel ei veke. Då opnar SPAR i ny innreiing med det aller ypperste av kjøle- og fryseutstyr.

Artikkelen held fram under annonsen.

-Det viktigaste er at me kvittar oss med den gamle kjølevæska og gassen som var ein miljøversting. No blir det i staden brukt CO2. Me vil nok også merke det på straumrekninga at det nye utstyret krev mindre energi, seier Odd Arne Skjeggedal.

Likar å drive butikk

-Både eg og sønnene mine, Svenn Olav og Tor Øyvind har framleis lyst til å drive butikk, og me vil gjerne forbetre oss stadig. Ominnreiinga nå er ein del av denne tanken, og det er framleis råd å tene pengar på daglegvarehandel, seier Odd Arne Skjeggedal som investerer rundt 4 mill. kroner .

Også JOKER-butikken i Dåsnes som familien Skjeggedal har, hadde fin utvikling i 2018 med omsetningsauke på 9% takka vere faste kundar og aukande hyttetrafikk opp Dåsvannsdalen.