Ein del av arbeidsgjengen som var med på å gjere Setesdal Folkemusikkfestival på Rysstad til ei skikkeleg festhelg med mykje god mat i pausane mellom musikk og song. Dette er nokre frå kjøkkengjengen som serverte både setesdalssuppe og anna mat under kappleiken. Frå venstre: Marita S. Dalane, Eivind Trydal, Torbjørg Hovet, Inger Liv Rysstad, Truls Henrik Andersen, Maria Bjørgum Berg, Sissel Østebømyr Helle, Oddbjørg Trydal, Gyro Trydal og Elin Merete Trydal.

Stort dugnadsløft på Rysstad

”Vil du lytta til min visa, hvordan jeg er bliven fant?” Og ”Minne om Valle i hjarta eg gøymer”. Jau, det svinga skikkeleg i Hylestad soknehus på Rysstad då ”dei reisande” inntok scena under Setesdal Folkemusikkfestival.

Konserten kom etter at tidlegare fylkesordførar Gro Bråten hadde opna festivalen. Som leiaren i spelemannslaget, Astri Rysstad sa i introduksjonen, har Gro Bråten vore sentral i arbeidet for å skaffe den immaterielle kulturarven i Setesdal UNESCO-status. No kvitterte fylkespolitiukaren med å minne om at dette kvalitetsstempelet ikkje kjem gratis.

– Det krev hardt arbeid framover, ikkje minst for å sikre rekrutteringa. Då er arrangement som denne festivalen viktig, og Setesdal spelemannslag gjer eit godt arbeid heile året, sa ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Leiar i Setesdal spelemannslag, Astri Rysstad (t.h.) var programleiar under konserten med ”dei reisande” i Hylestad soknehus under Setesdal Folkemusikkfestival. Gro Bråten vart takka for å ha vore sentral i arbeidet for å skaffe den immaterielle kulturarven i Setesdal UNESCO-status.

Mykje dugnadsarbeid

Arrangementet er eit kraftig dugnadsløft. I tillegg til ei eiga programnemnd som har lagt eit godt grunnlag i år, er ”halve bygda” engasjert i dugnadsarbeid.

Så var det då også god oppslutning både om konsertane med ”dei resande” og då kremen av lokale folkemusikkutøvarar seinare på kvelden presenterte ei rekke slåttar i tradisjon nettopp etter ”dei reisande”.

På dagtid myldra det i kvar ei krå i soknehuset fordi det var lagt opp til ei rekke kurs for folk i alle aldrar. Gunnar Stubseid gav endåtil polske musikkstudentar ei innføring i musikken frå dalføret vårt, og det vart halde ladekappleik for dei yngste. Sundagen var det også kulturferd gjennom store delar av kommunen.

Folk fylte salen i soknehuset på Rysstad til konsert med ”dei reisande” fredagskvelden og kremen av lokale spelemenn som seinare på kvelden framførte slåttar etter ”dei reisande”.

Stevleik med ”dei reisande”

Leiaren i spelemannslaget, Astri Rysstad var meir enn programleiar, for ho deltok også i stevleik med Nora Pettersen frå ”dei reisande” og skapte ei sterk kjensle av forbrødring med ”dei som strauk langs vegane” som Jim Roger Pettersen sa. Han er kjend frå tidlegare framføringar her i distriktet. Også denne gongen kombinerte han musikken med innføring i livet som ”dei reisande” hadde hatt.

Kulturutveksling

– Dette er kulturutveksling, for ”dei reisande ” kom med impulsar, men dei fekk og med seg inntrykk og impulsar frå menneske dei møtte i bygdene her, sa han.

Sentralt stod då historien om tanta Hulda Johansen sitt møte med sylvsmeden og folkemusikaren Torleiv H. Bjørgum i verkstaden hans for over 60 år sidan. Dei utveksla verkeleg musikalsk kunstnarevne og viste å setje pris på kvalitetane hos kvarandre. Det enda med at Hulda kjøpte ei bolesye som Nora Pettersen, systera til Jim Roger bar på kjolen konsertkvelden.

Gud ønskjer mangfold

– Eg trur Gud ønskjer mangfold, sa Jim Roger og takka Hallvard T. Bjørgum for å ha teke vare på opptaket frå den gongen.

Det vart mange sterke øyeblikk denne kvelden då også Sigrid Kjetilsdotter Jore gav oss den ramsalte soga om ”dei reisande” i kortversjon.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det handla om overgrep mot ei heil folkegruppe frå norske styresmakter, men også om livskunstnarar som fekk med seg mange solskinnsdagar i møte med folk ikkje minst her i dalen.

– Tenk om berg og dalar kunne tala, sa Jim Roger Pettersen og fortalde om tre av søskena som vart tvangsplasserte i institusjonar i 24 år før dei igjen fekk kontakt med familien.

Først i 2015 kom det ein offentleg beklagelse for overgrepa.

– Men i kveld er me med på å gjenreise romanifolkets historie, sa Jim Roger.