Tonje Refsnes gir seg som handballspelar på toppnivå.

Tonje Refsnes legg opp som handballspelar

Tonje Haugjord Refsnes (28) har bestemt seg for å legge opp som handballspelar. Dermed blir den suksessrike jenta frå Evje og Hornnes ein av fleire som etter årets sesong gir seg som spelar på topplaget Vipers i Kristiansand. I denne eliteserieklubben har ho hatt kontrakt sidan 2014/2015-sesongen.

Eventyrleg karriere

I karrieren som no blir avslutta har ho blitt norsk meister ei rekke gonger, og med henne på laget har klubben også gått til topps i meisterligaen som beste handballag i verda. Hittil har det blitt seks seriemesterskap, seks cupmesterskap, fem sluttspelgull og to Champions League-titlar til Vipers i perioden Tonje har vore ein del av klubben,

Starta i Otra

Tonje Refsnes starta karrieren i Otra IL der ho vart bygd opp til større oppgåver etter kvart. Då ho var 16 år, flytta ho til Kristiansand og melde overgang til Randesund før ho fekk hospitere i Vipers og etter kvart skreiv kontrakt med storklubben. Der har ho vore ein stødig bakspelar i ein tiårsperiode.

Artikkelen held fram under annonsen.