annonse

Når sentrumsbygg står tomme

Leiar i Setesdølen 15. november 2018:

Sigurd Haugsgjerd

Bygland sentrum har slite med altfor mange tomme lokale etter at banken har trekt seg ut sakte, men sikkert, og lensmannskontoret er også på hell etter omlegging og sentralisering. I desse dagar ser det også ut til at produksjonsbedrifta Glashytta held på å avvikle for godt. Det siste er synd på så mange måtar. I tillegg til å representere eit par viktige arbeidsplassar midt i bygda, har Glashytta også vore turistkontor og ikkje minst eit reisemål for mange som har lagt sommarturen til Bygland. Glashytta har vore eit viktig element i arbeidet for å skaffe aktivitet nok for dampbåten ”Bjoren”. Med glasblåseriet i full sving har ein hatt noko å vise både turistar og andre på gjennomreise. Sjølve produkta har også gjort sitt til å profilere Setesdal. Alt i alt er det difor mange grunnar til at denne bedriftsnedlegginga er ekstra trist.

Den største utfordringa for ansvarlege styresmakter i Bygland må difor vere å legge til rette for at tomme lokalitetar kan fyllast opp igjen av både offentleg forvaltning og gjerne nye kommersielle aktørar. Vinteren går fort, og det er lite hyggeleg å tenkje seg ein vår og sommar med mindre attraksjonar på Bygland enn det ein har i dag. Dampbåten ”Bjoren” er heilt avhengig av å kunne presentere eit fullverdig besøkstilbod for å halde drifta i gang,  og lokalt næringsliv frå butikkar til bensinstasjon treng så mykje ny aktivitet som råd er.

Med tanke på dei tomme kontorlokala burde presset setjast inn for å skaffe seg noko av det som ligg i regjeringa si påståtte desentralisering av statlege arbeidsplassar. Bygland bør kunne strekkje seg langt for å ta imot både sysselsettingsmessige almisser frå sentralt hald - og gjerne noko meir enn det.