Indre Agder møtest på Evje
Igjen er det klart for handelsdagar på Evje! Frå i dag og fram til søndag blir dei årlege Evjedagane arrangerte med lengre opningstid og gode tilbod frå dei mange butikkane som i dag finst i Evje sentrum og på Verksmoen.
Pandemien har sett sitt preg på folks handlevanar og møteplassar, men om ein framleis held seg til strenge smittevernreglar, ligg alt til rette for at folk frå heile distriktet kan møtast på Evje desse dagane.
Oppussinga i sentrum for eit par år sidan har gjort ein handletur på Evje til ei hyggeleg oppleving der det er både plass og tid til å ta det med ro, slå seg ned ved ein av dei populære serveringsstadene og kose seg i finveret som me no har fått så rikeleg av.
Artikkelen held fram under annonsen.
Utvikling på Verksmoen
På Verksmoen er nytt forretningsbygg snart innflyttingsklart, og naboane der strekkjer seg ekstra langt med overraskingar og gode tilbod under dei sommarlege handelsdagane.
Evje er eit knutepunkt på Agder og ein naturleg stoppestad for gjennomgangstrafikken. Difor rår det optimisme og tru på ein god sommar!