Gunnar og Arvid Gautestad med hesten Njål framom Setesdal Bilruter på Byglandsfjord er eitt av mange flotte bilete i Bygland Bygdekvinnelag sin Byglandskalender.

Gunnar, Arvid og Njål!

No er Byglandskalenderen ute i butikkhyllene! Bygland Bygdekvinnelag har sydd saman ein festleg kalender med glimt frå mangt av nytt og gamalt bygdeliv.

Om det no er paragliding hundrevis av meter over Byglandsfjorden, det lokale husmorlaget i 1950-åra, bygdeoriginalar eller fotballag - her vil mange rundt om i kommunen finne noko av ”sitt eige”. Med høvelege diktvers til kvart månadsbilete blir kalenderen både eit oppslagsverk for dato og opplevingar!

God spreiing

Byglandskalenderen for 2022 har ein breidde mange kjem til å sette pris på. Her er altså noko for dei fleste. Ungdomslaget i fotball som tok turen frå Byglandsfjord til Bygland for å få spele på gras er eit bilete (April) mange kjem til å kose seg med. Om ein spelte på laget, var forelder til ein på laget, eller kan hende spelte mot desse kvikke karane - så er det bare å sjå på utstyr og ikkje minst sveisen for å kunne slå fast at jodå, ”Tidi renn å alli snåvar”.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hesten Njål

Mange i Bygland og ikkje minst på Byglandsfjord vil nok også sette pris på biletet som har fått tildelt oktober månad. Gunnar og Arvid Gautestad med hesten Njål er eit syn mange garantert hugsar! Elles er kalenderen krydra med alt frå 17. mai-tur til ”Danseplassen” på Skåre i fjor til turistbåten Bleka, kongebesøket i 1993, glimt frå Byglandsfjord dampsag og mykje, mykje meir. Kalenderen er no ute i butikkhyllene, og på Databutikken på Evje.