Cato Christensen gler seg over å ha fått igjennom ei fanesak for Venstre.

Miljørettleiar på barneskulane i Evje og Hornnes

Etter fleire års arbeid vart det endeleg fleirtal i kommunestyret for ei av Evje og Hornnes Venstre sine fanesaker.

Vi har i ei årrekkje hatt fokus på tidleg innsats og styrking av eit godt og trygt skulemiljø rundt borna i vår kommune. Etter å ha arbeidd saka fram i levekårsutvalet fikk vi endeleg igjennom følgande vedtak i kommunestyret:

«Det opprettes en ressurs som miljøveileder med 3-årig høyskoleutdanning innen sosialfaglig utdanningsretning ved barneskolene i Evje og Hornnes kommune fra 01.08.2023. Formål med ressursen er å styrke den sosialfaglige kompetansen i skolen, arbeid med trygt og godt skolemiljø, og oppfølging av elevers behov for spesialpedagogisk rådgivning i samarbeid med kontaktlærer.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ressursen er 100%, og administrasjonen fordeler den selv mellom Evje barneskule og Hornnes barneskule. Kostand helårsvirkning er kr 630.000. Kostnad ved iverksettelse fra 01.08.2023 er kr 265.000.»

Vi gler oss over dette og veit at denne ressursen vil styrke det flotte arbeidet som allereie blir gjort av dei tilsette i skulane. Miljørettleiaren vil arbeide med å hjelpe elevane, rettleia heimane, og fungere som ei støtte og ein ekstra ressurs for lærarane. Saman kjem dei til å arbeide knallhardt for at kvar enkelt elev skal få det beste utgangspunktet.

Cato Christensen

Evje og Hornnes Venstre