Olaf Engestøl til minne

Ein kjend mann i Iveland, Olaf Engestøl, sr. er gått bort. Han døydde 14. september vel 85 år gammal og vart gravlagd ved Iveland kyrkje sist torsdag 22. september.

Han var ein mann med mange interesser, men er mest kjend som ein flink rosemålar. Både han og tvillingbroren melde seg i si tid på målekurs i Sand i Ryfylke. Det var staden som gav starten for så mang ein talentfull rosemålar her i distriktet. Olaf Engestøl dreiv det lengre enn dei fleste. Han måla kubbestolar, fat, bollar og kister, utruleg mykje vakkert som i dag står som minne etter han. Dessutan var han oppteken av å vidareformidle kunsten. Han fortalde sjølv at han hadde hatt over tusen elevar på rosemålarkurs frå Setesdal til ytterst ved kysten.

For dette og mykje anna godt arbeid for eige lokalsamfunn fekk han i 2006 Iveland kommune sin kulturpris. Han var bedehusmann og sundagsskulelærar, men også idrettsmann og aktiv for å få folk til å ta idrettsmerket. Han gjekk Sesilåmi 20 gonger og vann Trollrennet på Evje alt då han var 14 år. Han var også med på å lage Salve Øina sine historiske filmar frå Iveland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er ein allsidig bygdemann og eit gildt menneske som no har gått ut av tida.

Sigurd Haugsgjerd