Den mangeårige organistvikaren i fleire kyrkjer i Setesdal, Torgny Sandland frå Koland i Bjelland døydde på Marnarheimen torsdag for ei veke sidan. Han vart 82 år gammal. (Foto: Sigurd Haugsgjerd)

Torgny Sandland er død

Med han er eit gildt menneske og ei sann kristensjel gått ut or tida. Torgny Sandland hadde gjennom åra hatt mange tillitsverv og stått sentralt i styre og stell, men han hadde ei varsam framferd, ofte lågmælt og stillfarande, men han var ein klok mann som det alltid var interessant å ha samtalar med.

Heime i Bjelland var Torgny Sandland mest kjend som ein trufast og til fingerspissane patentleg kyrkjegardsarbeidar i 56 år! For dette og eit breitt samfunnsengasjement fekk han Kongens fortenestemedalje i 2009.

Kyrkjegardsarbeidar i 56 år

Torgny Sandland var ordførar i Marnardal frå 1983 ril 1987, og han var i tillegg til politikken oppteken av organisasjonsliv og frivillige aktivitetar. I barne- og ungdomsarbeid engasjerte han seg både i sundagsskule og barnekor.

Artikkelen held fram under annonsen.

Religiøst arbeid

Han var bonde på Øygard i Bjelland frå 1965 til 2004, og han var musikalsk utrusta. Dessutan hadde han eit ekte engasjement for det kyrkjelege og anna religiøst arbeid. Difor hadde han organiststilling både i Bjelland, Åseral og i dei fleste kyrkjene i Mandal prosti. Dessutan var han som pensjonist vikar i Otredal prosti her i Setesdal. I domkyrkja i Kristiansand har han også spelt. I sin ungdom var han også gravar heime i Bjelland, og saman med far sin bygde han ny mur rundt kyrkjegarden som vart utvida på 70-talet.

Torgny Sandland var oppteken av bygdelivet og at også Bjelland skulle ha ein plass i det offentlege rommet. Difor tipsa han ofte Setesdølen om saker derifrå som avisa kunne ta tak i. Det hende også at han fotograferte og sende stykke inn til avisa. Han var glad i innlandsbygdene på Agder og ønskte at det skulle avspeglast i omtalar og ordskifte mellom bygdefolk.

Trufast organist

I mange år, også høgt opp i pensjonsalderen, kom han til å vikariere som organist i kyrkjene nederst i Setesdal. Trufast tok han vegen over heia frå Bjelland for å yte sitt musikalske innslag til gudstenesta som skulle feirast. Etterpå gav han seg også som regel tid til ein god prat. Difor er det også mange her i Setesdal som vil sakne han.

Sigurd Haugsgjerd