121 vaksinerte i Bygland

I Bygland er det 90 personar som er fullvaksinerte og 121 personar som har fått fyrste dose av koronavaksinen.

Helsevesenet i Bygland held framleis på å vaksinere personar i risikogruppe 4. Samtidig blir personar mellom 18 og 64 år med sjukdommar eller tilstander som blir rekna for høg risiko vaksinerte. Aldersgruppa som blir vaksinerte denne veka er dei som er fødde i 1950/1951.

Det er ingen i Bygland kommune som har fått vaksine frå AstraZeneca, alle som er vaksinerte til nå har fått Pfizer si vaksine. Kommunen har fått ei viss mengde med vaksiner frå AstraZeneca, men desse vil inntil vidare ikkje bli brukt.