Fylkesvegen frå Sirdal til Lysebotn som her blir brøyta opp, vart opna 16. mai. I morgon opnar Brokke-Suleskardvegen for sommarsesongen.

Brokke-Suleskard opnar i morgon

I morgon opnar fylkesveg 450 Brokke-Suleskard for sesongen.

Mindre snø i fjellet i år gjer at arbeidet med å brøyte vegen har gått etter planen. Omsynet til villreinen gjer at denne vegstrekninga ikkje blir opna før i morgon. Vegen frå Sirdal til Lysebotn vart opna 16. mai og hadde stor trafikk på nasjonaldagen. No er det venta mykje sommartrafikk mellom Setesdal og Sirdal etter at sambindingsvegen igjen er open.