David Møller (t.v.) saman med elevane Torgeir Alexander Johnsen MacQueen, Magnus Åke Søvik Hellander, Aron Per-sen som viser fram Krafttak mot kreft: Vipps #411004, stipendiat Sunniva Ulvmoen og Marthe Engenes Birkeland. På instagram, evjefolkehogskole, kan folk følge med på alle dei gale stunta elevane gjer til inntekt for den gode saka og for å skape gode minne saman på folkehøgskulen.

Dei toppa lista over innsamlingar i Agder

På under 24 timar klatra folkehøgskulen på Evje til topps i Agder av skular som har digital bøsse til inntekt for Kreftforeningen. Og oppskrifta? Konstruktiv galskap!

–Her er det mange som likar å gjere gale ting, så nå har dei fått gjere det for ei veldig god sak, seier David Møller ved Evje Folkehøgskole.

I løpet av det første døgnet toppa skulen lista i Agder med over 20.000 kr i den digitale bøssa.

Artikkelen held fram under annonsen.

–Rammer oss alle

Ideen om å finne på noko spesielt for å samle inn pengar til Kreftforeningen sin aksjon ”Krafttak mot kreft” kom i samband med laurdagsseminar ved skulen.

Kreft vart eit tema på seminaret som rørte ved veldig mange.

–Fleire av elevane har sjølv personleg erfaring med det, og me veit jo at på ein eller annan måte rammer det oss alle, seier David Møller.

Han fortalde der om mor si som har fått leve lenger på grunn av livsviktig forsking på kreft. Ved hjelp av engasjerte stipendiatar ved skulen kom prosjektet om å samle inn pengar på kreativt vis raskt i gang etter seminaret.

–Eg har trekt i trådane, men det er absolutt elevane som skal ha æra for det, seier Møller.

Mest kreative stunt

–Magnus her har blitt kåra til den med ”mest kreative stunt”. Han gjekk med VR-briller i 13 timar i går, og held fram i dag, fortel Møller.

Med litt såre auge måtte han ta seg ein pause, før brillene kom på att dagen etter.

Det er elevane som avgjer kva slags stunt dei skal gjere, og for kva slags sum. Dette har blant anna vore isbading, 24 timar åleine i skogen, utkledning på handletur, hårfarging og impulsiv minikonsert.

Artikkelen held fram under annonsen.

Når dei 100.000 kr?

–Rektor har lova at viss me passerer 100.000 kr, skal han gå frå Kristiansand til Evje, fortel elevane.

Dei greidde 20.000 kr på under seks timar, deretter bremsa innsamlinga litt opp.

–Me har eit håp om å få med nokre lokale bedrifter, og så prøver me å nå ut til lærarane sine nettverk, seier Møller.

Vil overgå kvarandre

Utfordringa er også å finne på nok stunt å ”fylle på med” til dei eventyrlystne elevane.

–Men det er veldig viktig at me følger det rektor snakkar om som ”konstruktiv galskap”. Utfordringane må gjerne vere sporty, kleine og morosame, men det er ikkje rom for at dei skal vere farlege, seier Møller.

–Innsamlinga til Kreftforeningen er sjølvsagt det viktigaste, men me blir også veldig motiverte av kvarandre til å gjere noko ekstremt, seier Magnus Åke Søvik Hellander som håper folk vil følgje med på stunta til elevane på instagram.

Fristen dei sjølv har sett seg på innsamling og gjennomføring av stunt er sundag.