Ørnulf Hasla i Valle radio, Liv Åsne Austad Andersen frå Gjensidigestiftelsen og Sondre Rua Dokken.
Ørnulf Hasla i Valle radio, Liv Åsne Austad Andersen frå Gjensidigestiftelsen og Sondre Rua Dokken.

Fekk 62.000 frå Gjensidigestiftelsen då hundrevis samla seg i Valle sentrum

Sondre Rua Dokken fekk nok den største jolegåva av alle i Valle sentrum vesle jolaftan då Gjensidigestiftelsen kom med sjekk på vel 62.000 kr. Pengane skal han bruke til å kjøpe syklar som skal brukast på sykkelstiar han er i full gang med å opparbeide i kommunen.

Tradisjonen tru samla hundrevis av menneske seg i Valle sentrum dagen før dagen. Valle sentrumsforeining og Valle radio baud inn til bygdefest, og bygdefest vart det! I fjor regna nesten arrangementet bort. I år var det kaldt, men fint, og folk koste seg med gratis kakao, gåver frå jolenissen og varme frå bålpannene.

Korps og stev

Valle har fått musikkorps, og dei stiller gladeleg opp! Så også i Valle sentrum vesle jolaftan. Med musikk høveleg høgtida me no går inn i hjelpte også dei folk å halde varmen i 8-10 minusgrader. Sigrid Kjetilsdotter Jore dukka også opp, og der ho kjem, får tonane ein klingande veg å gå. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Den store trekninga

For mange var nok trekninga i det store lotteriet Valle sentrumsforeining spanderer høgdepunktet. Mest gjevt var det med førstepremien, ein Ipad Pro. Den var det Tom Inge Trydal frå Valle som vann. Alle medlemmene i sentrumsforeininga hadde gjeve gåver til lotteriet, så lista over vinnarar vart lang! Etter eit par timar i godt lag i Valle sentrum gjekk alle heim kvar til sitt, klare for ei fredfull og god jolehøgtid.