På sundag blir det ein fjelltur med meining på Hovden. Då går startskotet for innsamling til årets TV-aksjon øvst i dalen med ein marsj for den gode saka til Kalseggi. Foto: Thor Bernhard Sagland

Fjelltur for årets TV-aksjon

Tidlegare har det vore ein årleg konsert på Hovden til inntekt for TV-aksjonen. – I år blir det ein felles marsj til Kalseggi for å gå i gang aksjonen på sundag, seier Thor Bernhard Sagland.

Årets TV-aksjon i NRK nærmar seg. I år går dei innsamla pengane til Redd barna og ”La barn leve i fred”.

På Hovden har det vore tradisjon for konsert til inntekt for aksjonen, men det blir i år bytt ut med ein felles tur i fjellheimen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– På sundag inviterer me alle til å gå saman til Kalseggi. I staden for å avslutte med noko, så innleier me med noko før turen, seier Thor Bernhard Sagland.

Guide under turen er Grete Breivik, og ordførar Hans Blattmann skal halde appell.

– Så oppfordrar me alle til å vippse eit valfritt beløp til TV-aksjonen, seier Sagland.

Dei som vil starte innsamlinga til TV-aksjonen på denne måten kan møte fram ved innkøyringa til Mjåvassdalen, omlag 5 minutt nord for Hovden sentrum.

Kulturkafé

Etter marsjen sundag blir det kulturkafé i Bykle samfunnshus onsdag, også der med fokus på TV-aksjonen.

–Det blir musikalske og kulturelle innslag, og sal av kake/dessert-buffet til inntekt for TV-aksjonen. Det blir også informasjon om Redd barna sitt arbeid, fortel Sagland.

Han håpar på ny innsamlingsrekord i år, etter at fjoråret vart ein ”all time high”, som han kallar det sjølv.

–Men det handlar om å hjelpe andre og bidra med det ein kan. Eg må seie eg er imponert også over dei arrangement som barnehagane og skulane steller i stand. Dei er utruleg flinke, og gjer eit viktig arbeid, seier Sagland.