Ei eiga avdeling med juleting er på plass hos Europris på Evje. Frå venstre: Kari Anne Gjømle, Anita Pavljuk Alver og Einar Hadland.

-Hit kjem folk frå heile Agder

-Europris plar alltid ha god julehandel, seier Einar Hadland ved avdelinga på Evje. Han har alt hyllene fulle av nissar og andre typiske juleting.

Europris er butikken for storhandel lengst nede på Verksmoen på Evje. Med god parkeringsplass og velfylte hyller i ein stor og romsleg butikk hankar forretninga inn handlelystne kundar frå heile distriktet.

Mykje hyttefolk

-Mange hytteeigarar stoppar ofte her på veg til Hovden, men me opplever også at dei som er på veg til Bortetelid og Brokke kjem innom oss. I det daglege kan du treffe på folk både frå Farsund og Lista og endåtil frå Mandal på Europris-butikken her på Evje, seier Hadland, travelt oppteken med å pakke ut stadig nye julevarer.

Artikkelen held fram under annonsen.

Butikken på Evje har hatt ei rivande utvikling etter starten for nokre år sidan og har i dag 14 tilsette, dei fleste på deltid.

-Me har også fått meir handel etter at Jysk kom i nabolaget, seier Einar Hadland.