F.v. Silje Christensen, Benjamin Lee Halsall, Karina Lislevand og Maria Hammergren i Nedre Setesdal Røde Kors Hjelpekorps er klare for påske med innrykk av folk både på Høgås og Fjellestad i Evje og Hornnes.

Klare for påske til fjells!

–Me bur på Høgås kvar helg nå for tida, seier Karina Lislevand i Nedre Setesdal Røde Kors. Hjelpekorpset på Evje er klare for ei påske med storinnrykk i skiløypene på Høgås.

–Me jublar med blanda følelsar for snø, seier Karina Lislevand, lokallagsleiar i Nedre Setesdal Røde Kors.

Saman med tre andre i hjelpekorpset møter ho Setesdølen ved Høgås Skianlegg på Evje.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er ein stad folk er blitt vante med å møte dei blide hjelparane både til ein hygg-eleg prat, og ikkje minst når uhellet verkeleg er ute i løypene. I påska blir dei mellom fire og sju tilstades kvar dag på Høgås, og tre-fire enkelte dagar på Fjellestad.

–Turistane tar gjerne kontakt med oss, for me er jo lett synlege, seier Lislevand.

Men på Høgås blir det nok ikkje berre turistar, for bygdefolket er flinke til å bruke løypene flittig.

–Det er mange av dei lokale som skal ha morgonturen sin her, seier Lislevand.

–Me jublar med blanda følelsar for snø, seier Karina Lislevand, lokallagsleiar i Nedre Setesdal Røde Kors. Hjelpekorpset er til stades på Høgås kvar dag heile påska.

Ei spesiell tid

For hjelpekorpset er det ei spesiell tid med smittevernfokus og krav om avstand, ei øving som slettes ikkje er enkel for dei som plar vere tett på når det skjer noko.

–Me tenker jo på ein litt annan måte enn før. Kanskje har den skadde ein nærkontakt som kan hjelpe til med å løfte, eller ein avgrensar kor ma-

nge som er nær den skadde. Men omsynet til liv og helse overgår framleis smittevern, seier Lislevand.

God rekruttering

Det har vore eit annleis år også i Nedre Setesdal Røde Kors, men ein del aktivitet har det vore rom for.

Artikkelen held fram under annonsen.

–Me hadde fem som var på kurs og var på vintergodkjenning når koronaen starta, og i løpet av halvtannan år har me godkjent ni til hjelpekorpset, seier Lislevand.

Dermed er det mange flinke hender og hovud som kan trø til på små og store redningsaksjonar i distriktet.

–For oss har det igrunnen vore eit ganske bra år med ei vanvittig positiv vekst, seier lokallagsleiaren.

Born og unge

–Me har også vore heldige med at me har kunne gjort mange av aktivitetane for born

og unge dette året. Sjølv om mykje har blitt sett på vent, har me blitt oppfordra til å køy-re aktivitetane som normalt, med nokre tilpassingar, seier Lislevand.

Ho fortel at aktivitetane har blitt stengt ned eit par gonger, men at det jamnt over har vore tilbod for ungane i laget.

–Me må prøve å halde det igang, seier Lislevand.

Ho fortel at ungdomsaktivitetane har vore litt meir sporadiske, men at det har blitt tur til Dyreparken, glamping og mykje moro for denne ald-

Artikkelen held fram under annonsen.

ersgruppa også, innimellom avbrekk på grunn av smittevern. Det har vore dei vaksne det har gått mest utover, så møter i Nedre Setesdal Røde Kors som ikkje har vore heilt nødvendige har vore avlyste.

–Det sosiale for vaksne har vore det mest nedprioriterte dette året, seier Lislevand.

Utekveldar i fengselet

–Det har også vore litt færre besøk i fengselet, og litt strengare reglar knytt til besøka. Men me har hatt ”utekveldar” der me er utandørs inne i fengselet og har halde god avst-and, seier Lislevand.

På denne måten har det vore muleg å gjennomføre denne aktiviteten også i koronaåret.

–Røde Kors er tilstades over alt!

Det skal vere trygt å ha påskeferie i distriktet vårt, og hjelpekorpsa har dekka det meste av stader som mange reiser til for å stå på ski.

–Hjelpekorpset i Vennesla er i Brokke, Kristiansand er på Hovden, Søgne er i Bortelid, Mandal er på Ljosland, Flekkefjord er på Knaben, seier Karina Lislevand.