Kim Rysstad kom til sine eigne i kveld, og innfridde i ei fullsett Hylestad kyrkje. Til venstre Jacob Lund Paulsen, til høgre Knut Ingolf Brenna.
Kim Rysstad kom til sine eigne i kveld, og innfridde i ei fullsett Hylestad kyrkje. Til venstre Jacob Lund Paulsen, til høgre Knut Ingolf Brenna.

Lun jolekonsert i Hylestad kyrkje

Han kom til sine eigne, songaren Kim Rysstad, og ei fullsett Hylestad kyrkje tok vel imot han! Jolekonserten "Snøen laver ned" vart ei vakker stund der den avdempa musikken fekk prege vinterkvelden.

Kim Rysstad og musikarane Jacob Lund Paulsen og Knut Ingolf Brenna baud på ein sers triveleg musikktime i førjolstida. Miniturneen "Snøen laver ned" går for fulle hus, og Hylestad kyrkje var altså ikkje noko unnatak! Det var knapt ein ledig benkeplass, og ute i vinterkvelden måtte folk parkere bilane sine like nord til sentrum for i det heile å få sett køyretøya frå seg!

Fin variasjon

Med alt frå salmar til viser og endåtil ein ABBA-klassikar viste Kim Rysstad at han har utvikla seg som songar. Han kom med si eiga tolkning av låta "Stjernesludd" , gav på med ABBA si song  "Happy New Year", og fekk alle i kyrkja med på "Det lyser i stille grender". Kompet var heile tida fjellstøtt, og Rysstad viste at han har breidde i røysta si. Så har me skrive det før, og gjer det gjerne igjen: Kim Rysstad som songar kjem alltid mest til sin rett på låtane der det krevst mykje luft og styrke i røysta. Folkeleg sagt er Kim råare jo meir han gnur på! Så er nok ikkje ein avdempa og fin jolekonsert rett tid og stad for dei mest primale vokalprestasjonane. Folk gjekk uansett ut i den kalde vinterkvelden med ei solid dose jolestemning i hjarta!