Yonatan Shishay Tesfamichael (t.v.), Deldar Hamid Moussa, Jenny Marie Leirvik Nilsen og Tia Emilie Almås Bredesen er midt i ein 30-dagars ”challenge” for å leve meir berekraftig.

–Me må leve meir berekraftig

–Viss alle tar ein kortare dusj, kastar mindre og kjøper brukt, så blir det mykje til saman, seier Yonatan Shishay Tesfamichael. Elevane på Setesdal vgs på Hornnes har berekraft på timeplanen i tre veker, noko som alt har gjort sterkt inntrykk.

–Det er veldig dumt, men det å kjøpe brukte klede er noko mange forbinder med å ikkje ha råd til nye, seier Tia Emilie Almås Bredesen og Jenny Marie Leirvik Nilsen.

Saman med klassekameratane i 1. klasse på studiespesialiserande på Hornnes diskuterer dei korleis berekraft har vore tema på skulen den siste tida, og kva dei konkret kan gjere for å leve meir berekraftig i kvardagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

–Tise og Finn.no er det jo mange som brukar for å finne ting brukt, seier Deldar Hamid Moussa.

Ungdommane har opplevd at nokre får kommentarar på at det dei har skaffa seg er brukt, og innrømmer at det ofte er enklare å handle nytt. Men det har gjort sterkt inntrykk i undervisninga å sjå korleis klesindustrien ikkje er berekraftig, og at klesproduksjon er ein av dei største miljøutfordringane verda står ovanfor i dag.

–Ein bør prøve å fikse ting i staden for å kaste, seier Jenny Marie.

Lærar Trond Salvesen saman med nokre av elevane i 1STB på Setesdal vidaregåande skule på Hornnes som har fokus på berekraft i tre veker. Frå venstre: Jenny Marie Leirvik Nilsen, Tia Emilie Almås Bredesen, Deldar Hamid Moussa og Yonatan Shishay Tesfamichael.

Redusere CO2-utslepp

Ungdommane har utfordra seg sjølv på fleire ulike tiltak i ein 30-dagars ”challenge” for å leve meir berekraftig og redusere CO2-utsleppet sitt. Det er til dømes kortare dusjar, mindre tid på internett, mindre matsvinn, og buss i staden for moped. Det siste meiner dei er ei utfordring med så få bussar som går, og at det kortar inn på verdifulle minuttar om morgonen.

Mindre matsvinn

Det å kaste mindre mat meiner ungdommane er særleg viktig å fokusere på, sjølv om nokre av dei er i tvil om dei ville fått med resten av familien på det.

–Eg føler ikkje det hjelper så mykje viss berre eg gjer noko med det, seier Jenny Marie.

Dei trekk fram appen Too Good To Go som er med på å stoppe matsvinnet blant folk. Butikkar, restaurantar, bensinstasjonar og kafear over heile landet sel ut overskotsmaten til ein rimeleg pris.

–Det å kjøpe brukte klede er noko mange forbinder med å ikkje ha råd til nye, seier Jenny Marie Leirvik Nilsen (t.v.) og Tia Emilie Almås Bredesen. Det håper dei at kan endre seg.

Dumpster diving

I dag blir 1/3 av all mat som blir produsert kasta, noko ungdommane gjerne vil vere med på å gjere noko med. Men ”dumpster diving”, det å leite etter fullt brukbar mat i søppelkontainarar ved butikkar og restaurantar blir det ikkje noko av med det aller fyrste.

Artikkelen held fram under annonsen.

–Eg hadde nok aldri gjort det sjølv, seier Deldar.

Ungdommane på Setesdal vidaregåande skule har blitt meir bevisste på korleis dei kan få ein meir berekraftig livsstil. Nå står det berre att å kunne halde fram med dei nye vanane, og kanskje legge til fleire som er bra for miljøet.

–Ja, eigentlig burde fleire prøve ein 30-dagars challenge, kanskje det kunne vere noko folk vart pålagt å prøve ut, seier Yonatan.