Nytt smittetilfelle i Evje og Hornnes

Evje og Hornnes kommune fekk torsdag ettermiddag melding om eit nytt påvist smittetilfelle. Personen som er smitta er ikkje folkeregistrert i Evje og Hornnes, men er busett i kommunen.

Smittevegen er kjent, og smittetilfellet stammar frå smitte i Kristiansand.

Den smitta er nå sett i isolasjon, og får oppfølging av kommunehelsetenesta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tre nærkontaktar er sett i karantene og blir testa. Kommunen jobbar vidare med smittesporing etter kvart som testresultata ligg føre.