Dagleg leiar i Nomeland Maskin AS, Steinar Nomeland, seier til Setesdølen at verksemda kan gå på eit milliontap etter konkursen i LH Bygg AS på Evje.
Dagleg leiar i Nomeland Maskin AS, Steinar Nomeland, seier til Setesdølen at verksemda kan gå på eit milliontap etter konkursen i LH Bygg AS på Evje.

Rysstad-entreprenør risikerer milliontap

Entreprenørverksemda Nomeland Maskin AS på Rysstad kan tape inntil 1 mill. kr. på konkursen iLH Bygg AS på Evje.

Dagleg leiar Steinar Nomeland seier til Setesdølen at situasjonen er uoversiktleg, men at eit merkbart tap ikkje er til å unngå.

- Dette er så ferskt at me må bruke litt tid på den nye situasjonen. Tapet vil uansett svi for oss, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nomeland slår fast at Nomeland Maskin AS skal ha musklar til å takle eit tap på mellom 500.000 kr. og 1 mill. kr. Verksemda er i dag i sving med oppdrag mellom anna i Nissedal og Bygland.

Fleire krav

Det er fleire andre lokale kreditorar som truleg går på ein smell i hundretusenkroners-klassen etter LH Bygg-konkursen. Det er enno ikkje kjent kor stor den totale gjelda i selskapet er. Advokat Øystein Krabberød i Kristiansand er oppnemnd som bustyrar etter at styret i selskapet vedtok å levere det til skifteretten for nokre dagar sidan.