Vidar Madsen i Spisekroken på Evje med hendene fulle av godsaker. Meir skal det bli i tida fram mot jol! (Foto: Rune Hodne)

Smultringar til jol

Vidar Madsen er som kjent ein aktiv eigedomsutviklar på Evje. Han reiser nybygg og sprenger ut tomter med tanke på endå fleire bygg, men innimellom alt dette tar han seg tid til å finne fram matfeittet for å steike smultringar så eimen kjennest langt utanfor den populære Spisekroken.

Der har som kjent Vidar Madsen ein fot innanfor. Difor må du rekne med å treffe han med bålpanna og førjulskosen rundt bakeriutsalet også i den førjolstida som no nærmar seg.

Rykande smultringar

Rykande smultringar er noko som folk flest har sansen for. Biletet ovanfor er tatt av den kjende freelancefotografen Rune Hodne. Ikkje veit me kor mange smultringar han har fått for det stuntet.