Hukommelsesteamet i Setesdal arrangerer pårørandeskule for pårørande til personar med demens eller hukommelsesproblem. Signe Telhaug (bak f.v.) er koordinator, Gerd Torhild Helle Aakhus er kontaktperson i Valle, Leif Sigurd Helle (framme f.v.) er kontaktperson i Bygland og Bjørn Harald Hagen i Evje og Hornnes. Anne Merethe Hjemdal er kontaktperson i Bykle, men var ikkje til stades då biletet vart teke.

Stadig fleire får påvist demens: Inviterer til pårørandekurs

Det er langt fleire som har demens enn ein lenge har trudd, viser ein fersk studie om førekomst av demens i Noreg. –Demens er ein pårørandesjukdom, slår Hukommelses-teamet i Setesdal fast og inviterer til pårørandeskule i haust.

Pårørandeskulen er eit digitalt kurstilbod for pårørande til personar som har demens eller hukommelsesproblem. Per i dag har over 101.000 personar demens, 25 prosent fleire enn det som tidlegare har vore rekna med. I samband med Demensdagane i desember, og presentasjon av studien om førekomst av demens i Noreg av forskingssjef Geir Selbæk, vart det også lansert eit interaktivt noregskart.

”Demenskart”

Kartet viser korleis talet på personar med demens vil auke i kvar kommune i åra som kjem. Dette ”demenskartet” skal vere med å hjelpe både helsevesenet og politikarar med å planlegge for framtida med tanke på å legge til rette både for pårørande, og dei som får demens eller hukommelsesproblem.

Artikkelen held fram under annonsen.

–Andelen eldre over 90 år med demens, altså den gruppa som har størst helse- og omsorgsbehov, vil auke med 700 prosent fram til 2050, seier Geir Selbæk.

På bakgrunn av desse tala meiner han at ein ikkje berre må utvikle ressursane og omsorgsmodellane som finst i dag, men også tenke heilt nytt om korleis ein skal kunne gje gode tenester til personar med demens i framtida.

Belastande for ektefeller og døtre

–Ein har sett at det er meir sjukdom blant pårørande til personar med demens enn elles blant folk, seier kontaktperson i Evje og Hornnes, Bjørn Harald Hagen.

Difor meiner Hukommelsesteamet at det er viktig at pårørande får informasjon om tilbod som dagsenter og avlastning som kan avhjelpe i ein krevjande kvardag.

–Mange pårørande slit med dårleg samvit. Særleg ektefeller og døtre får ei større belastning av å vere pårørande til personar med demens, seier Hagen.

Kurset er samansett av fleire førelesingar frå helsepersonell om sjukdomen, kva utfordringar som er vanlege og kva slags hjelp ein kan få.

Auka kunnskap blant pårørande

Hukommelsesteamet i Setesdal har arrangert pårørandeskule i fleire år.

–Det er veldig mange som blir berørte av demens, og difor er me opptekne av å få ut god informasjon, seier koordinator i Hukommelsesteamet i Setesdal, Signe Telhaug.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gjennom kurset får pårørande auka kunnskap om demens, innsikt i kva for nokre følgjer sjukdomen kan ha for den som har demens, men også for pårørande og anna familie.

–Kurset er for alle som står rundt dei med demens og hukommelsesproblem. Det kan vere born, barneborn, oldeborn eller andre i familien, seier Telhaug.

Alle i Setesdal kan melde seg på gratiskurset som går over fire kveldar i oktober. Alt er digitalt, noko som gjer at både smittevern og avstandar ikkje skal vere noko å bekymre seg for om ein ønskjer å delta. Det skal også vere enkelt å få kopla seg på via ein mobiltelefon eller på PC.

Ergoterapeut Ingunn Norschaug (t.v) og psykiatrisk sjukepleiar Hanne Wold frå alderspsykiatrisk enhet ved SSHF Arendal skal snakke om kommunikasjon og samhandling til personar med demens. Alle førelesingar under pårørandeskulen er digitale, så det skal vere enkelt for alle pårørande å få med seg kurset som går over fire kurskveldar i midten av oktober.

Variert kursprogram

Kommunelege i Valle, Hallvard Mosdøl skal fortelje om ulike typar demenssjukdom, og kommunelege i Bygland, Anette Skarshaug Skeie skal snakke om sorgreaksjonar hos personar med demens og dei pårørande. Katrine Homdrum, rådgjevar helse og omsorg skal seie noko om kva slags helse- og omsorgstenester som fins, og om musikkbasert miljøbehandling.

Linda Beathe Dalane, ergoterapeut i Evje og Hornnes vil seie litt om praktiske utfordringar i kvardagen og ulike tekniske hjelpemiddel som er tilgjengelege. Frå alderspsykiatrisk enhet ved SSHF Arendal kjem Ingunn Norschaug og Hanne Wold for å fortelje om kommunikasjon og samhandling til personar med demens. Alle førelesingar blir sendt frå LMT Setesdal sine kontor på Evje i oktober, men er altså digitalt tilgjengelege for alle som melder seg på.

Hukommelsesteamet i Setesdal

Hukommelsesteamet arbeider med demens og hukommelsesproblem i Setesdal. Dei kartlegg den som kan ha demens eller andre problem med hukommelsen ved hjelp av standardiserte kartleggingsverktøy som blir brukt over heile landet. Tilvisning kan komme frå pårørande, heimetenesta, spesialisthelsetenesta, fastlegane eller personen sjølv. Dei sender rapport til lege og kjem på oppfølgingsbesøk. Kvart år arrangerer dei også pårørandeskule der pårørande får informasjon om sjukdomen, helsetilbod, utfordringar i kvardagen og kommunikasjon med personar med demens.