Magne Kjetså er med i styret for Gjenbruksbutikken Evje og fekk æra av å opne butikken etter oppussinga. Då fekk han også blomar frå naboen Helge Stokkeland i Setesdalstrykk.

Tredobla omsetning opningsdagen

Med kaffi og sponsa marsipankake frå Rema 1000 på Evje vart NMS sin Gjenbruksbutikk Evje offisielt opna av Magne Kjetså sist torsdag.

Ingrid Gerd (Tutta) Flåt (t.v.) og markedsansvarleg i Det Norske Misjonsselskap (NMS), Katrine Pensgård er klare med kaffi og marsipankake opningsdagen på Evje.

Butikken held framleis til i same bygget som før, vegg i vegg med Setesdalstrykk som også var raskt på pletten med blomster og gode ønske til ein nær nabo. Folk stod nærast i kø for å sleppe inn til ein nyrenovert butikk som tydelegvis har hatt god hjelp av flinke fagfolk innan interiør for å ta enkle, men viktige grep for å fornye lokala.

Klare for handel i ny gjenbruksbutikk på Evje, Ingrid Gerd (Tutta) Flåt (t.v.) og Margrethe Gautestad.

Opningsdagen var det 50% avslag på alle ordinære vareprisar, så handelen gjekk unna. Alt i alt vart det omsett for rundt 6.000 kroner. Det er det tredobbelte av vanleg dagsomsetning i butikken.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tre elevar frå bibelskulen i Grimstad var også innom den ”nye” Gjenbrukbutikken på Evje. Frå venstre: Jon Syvert Hjemdal, Thor Isak Ringsbu og Mattias Johansen.

400.000 kr. i året

Gjenbruksbutikken på Evje går godt, men har altså slite med lite plass og noko overfylte hyller. Etter oppussing med vegger i friskare fargar og innbydande glasmonterar med alt frå kaffiservice og krystallvasar til mugger og fat, er det også blitt lettare tilgang til klesstativ, bøker og puslespel pluss så mykje, mykje meir.

Butikken gir ein årleg bruttoomsetnad på rundt 400.000 kroner. Det betyr viktige og faste årlege inntekter for Det Norske Misjonsselskap.

Olaf Bjørgum (t.v.) og Jon Gautestad blant mange interesserte då Gjenbruksbutikken på Evje opna igjen etter ominnreiing og oppussing.

I 20 år

Butikken på Evje har halde det gåande i 20 år, men har flytta litt frå stad til stad. Dei siste åra har verksemda stabilisert seg i nabolokala til trykkeriet, Takka vere gode hjelparar som stiller opp i alt frå transport frå lageret på Evjemoen til innkøyring frå private gjevarar og ikkje minst dei som tar sin tørn i sjølve butikken, blir nettoen til misjonen ganske god kvart einaste år.

Stort utval i klesplagg er det også i NMS sin gjenbruksbutikk på Evje.

Treng fleire folk

Likevel trengst det stadig fleire hjelpande hender i butikken, seier styremedlem Magne Kjetså. Dei som måtte ha lyst til å vere med på laget og møte hyggelege kundar, kan melde seg til han på tlf. 95219191.

-Der kan du få vere med i ein butikk som stadig utvidar vareutvalet, og du kan velje å ha faste vakter eller skrive deg opp på vakt når det passar deg, seier han. Gjenbruksbutikken treng folk både til å ekspedere og å vere med på å hente og bringe møblar, seier Magne Kjetså.