JETBURGER: Eskil Rundsag Høgetveit (t.v.) og Johannes Møen er nøgde med resultatet frå matvogna dei har drive i snart to år. No vil dei ekspandere.

Unge gründerar satsar sparepengane på nytt gatekjøkken

I det nye leilighetsbygget til Vidar Madsen flyttar snart tre unge grunderar inn i fyrste etasjen. JetBurger tek steget frå matvogn til gatekjøkken på Evje.

– Ein må jo berre gønne på og satse, seier Johannes Møen (24).

Han har i lag med Eskil Rundsag Høgetveit (24) og Truls Evje (24) drive matvogna JetBurger i snart to år. No satsar dei for fullt i eit flunka nytt gatekjøkken i Evje sentrum.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kameratane som har kjent kvarandre sidan barneskulen, har alle brei erfaring frå gatekjøkken og serveringsbransjen. Truls Evje er utdanna kokk med fagbrev og jobbar for tida ved ARA på Byglandsfjord.

Eskil og Johannes har tidlegare jobba på Bua og Tip Top gatekjøkken.

– Truls har erfaring som kokk Dølen, og eg byrja på Tip Top når eg gjekk i 10. klasse, seier Høgetveit.

Ville drive noko for seg sjølv

For to år sidan satsa dei sparepengane og investerte 80 000 kroner i ei matvogn og starta JetBurger, som er oppkalla etter dei tre karane.

– Me sat heime og snakka om at det hadde vore moro å starta noko for seg sjølv. Det er gøy å lage mat, og eg likar å gje sørvis til kundar. Det er også noko me det å vere sin eigen sjef, seier Møen.

Matvogna har gått bra, og no var tida inne for å ta neste steg.

– Det har i grunn berre gått oppover med omsetninga, og me måtte eigentleg flytte for å klare å auke kapasiteten. Det var særleg sommarstid at me såg at det var naudsynt å utvide. Me såg også at det var behov for å ha ein stad der kundane kunne sitje ned og ete, held dei fram.

Meir enn burgar

Når dei ein gong utpå sommaren kjem inn i nye lokalar kjem dei også til å utvide menyen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me kjem også til å tilby pasta i tillegg til hamburger. Også kjem det kanskje fleire retter etterkvart. Me prøver å lage det meste frå botnen av, men det skal vere eit gatekjøkken, seier Møen.

Karane har lagt seg opp pengar gjennom drifta dei siste åra, og satsar no 750 000 kroner i det nye gatekjøkkenet.

– Eg tenkjer det berre er å satse. Dette er veldig moro å halde på med, og eg ser nesten ikkje på det som jobb, legg han til.

UTVIDAR: Eskil Rundsag Høgetveit (t.v.) og Johannes Møen flyttar til sommaren verksemda si inn i nye lokalar i Evje sentrum.

Ynskjer å skape sin eigen arbeidsplass

Høgetveit og Evje har båe arbeid utanom, medan Møen jobbar fulltid med matvogna no, men kjem til å ta på seg anna arbeid i tillegg etterkvart. Målet er å skape sin eigen arbeidsplass.

– Målet er at me alle skal ha dette som fulltidsjobb på sikt, men me har jobbar på si førebels, seier Høgetveit.

Dei kjem også til å drive matvogna heilt fram til opninga, og kanskje etterpå.

– Me kjem nok til å halde fram med den, og kanskje bruke den rundt forbi på arrangement eller anna, seier Møen.

Dei er ikkje med i nokon kjede og JetBurger er eit sjølvstendig konsept.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg trur det hadde teke noko av moroa vekk om me skulle vere med ei kjede. Det er noko med det å skape og forme verksemda slik ein vil sjølv, legg han til.