Tamara Nevmerzhytska med dottera Maria på armen. På Furuly samla ho og fleirkulturell kvinnegruppe damer frå mange land til treff for å bli betre kjent og dele erfaringar med å vere ny i landet.

Viktig møteplass for innvandrarkvinner

– Målet er å skape ein hyggeleg atmosfære der fleire kan bli kjent og dele erfaringar med å vere ny i landet, fortel Tamara Nevmerzhytska. Ho er leiar av fleirkulturell kvinnegruppe på Evje, og håper at endå fleire lokale kvinner vil bli med på treff.

– Denne gruppa er like mykje for norske damer som for utanlandske. Alle damer uansett alder er velkomne, fortel Tamara.

På Furuly samla nyleg eit tjuetals kvinner seg for å øve på å snakke norsk, dele erfaringar med det å vere ny i landet og høyre på interessante innlegg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tamara er sjølv frå Ukraina, og er autorisert tolk. Ho fortel at målet for treffa til den frivillige organisasjonen er å skape ein hyggeleg atmosfære, og legge til rette for at fleire kan bli kjent og få inspirasjon frå nokon som har lukkast med å bli integrert.

Treffa er opne for damer i alle aldrar. Både innvandrarar og andre blir oppmoda om å møte opp for å prate og bli betre kjent med andre som bur i same kommune.

Organisasjonen vart stifta i 2015, men den siste tida har det vore mindre aktivitet og merksemd rundt kva fleirkulturell kvinnegruppe driv med. Nå vil dei auke aktiviteten og få fleire med.

Då dei samla seg til møte på Furuly nyleg, var det damer frå mange ulike land, men ikkje mange av dei etnisk norske. Difor understrekar Nevmerzhytska at alle som vil er velkomne til treffa.

Treff som kan vere med på å knyte sterkare band på tvers av kulturell bakgrunn og ulike språk i heimkommunen.

Dei ukrainske damene småpratar rundt bordet på Furuly. - Me har blitt så godt tatt i mot i kommunen, og følgt nøye opp. Det set me enorm pris på, seier Halina Bila Kharoiw (t.h.). Ho sit saman med Olena Nevmerzhytska (t.v.) og Ludmila Formanova.

– Me blir følgd opp nesten som born

Tre ukrainske damer sit rundt eit av borda og pratar saman.

– Me trudde aldri at me måtte reise så langt, og så kome til Noreg. Men livet vart dessverre slik at me måtte flykte. Men, me blir heilt nøydd til å takke for måten me har blitt tatt i mot på. Me blir følgd opp nesten som born, og har fått så mykje hjelp og støtte her, fortel Halina Bila Kharoiw.

Ho har budd på Evje i over eit år. Då ho fekk høyre om treffa som fleirkulturell kvinnegruppe arrangerer, ville ho gjerne vere med og hjelpe. Dei sosiale møta er viktige for å kjenne på fellesskap med andre som er eller har vore i same situasjon.

I ukrainsk tradisjonsplagg stilte Helena opp for å synge ukrainsk song under treffet på Furuly.

Positive opplevingar

Tamara Nevmerzhytska opplevde at nok eit møte var vellukka.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ukrainske damer som er busett her i kommunen og damer frå akuttmottaket på Evjemoen kommenterte at møtet gav dei mange positive opplevingar og ro i sjela. Dei fortel at det var fint å kome seg ut og kanskje gløyme litt om krigen i eit hyggeleg selskap, seier Tamara.

Ho rosar tilrettelegginga frå kulturavdelinga i kommunen, og hjelp derfrå med det tekniske.

– Nå håper me å få fleire med og halde fram med vår verksemd. Her er det opent for damer i alle aldrar, seier Tamara.