Juletrefest på Hornnes

Det er som alltid mange joletrefestar her i dalen i høgtida.

Ungdomsforeninga i Hornnes arrangerer den tradissjonsrike juletrefesten på Hornnes bedehus 4. juledag. Det blir song av Eiken ungdomskor. Espen Ripegutu kjem for å halde andakt, og det blir amerikansk auksjon og anna underhaldning. Det blir også servert varmrett.

-Alle er velkomne til ein gild kveld rundt juletreet, seier Eivind Odd Kallhovd.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fleire tilskipingar

3. joledag blir det skipa til joletrefest i Flatebygd på Evje. Same dagen samlar dei seg i Bykle samfunnshus. 4. joledag er det joletrefest i Broderheimen bedehus i Valle. Laurdag 29. desember er det i Hovden grendehus det skal skje.