Jan Petter Gysland i Vintereik AS på Jåddan industriområde på Snartemo der det kan kome turkeanlegg for eik. Verksemda har fått tilsagn på både tilskot og lån frå Innovasjon Norge på Agder, men det er ikkje teke noko endeleg investeringsbeslutning enno.
Jan Petter Gysland i Vintereik AS på Jåddan industriområde på Snartemo der det kan kome turkeanlegg for eik. Verksemda har fått tilsagn på både tilskot og lån frå Innovasjon Norge på Agder, men det er ikkje teke noko endeleg investeringsbeslutning enno.

Vil etablere turkeanlegg for eik

Selskapet Vintereik AS på Snartemo i Hægebostad kommune har fått tilsagn på lån og tilskot på i alt 2.8 mill. kr. frå Innovasjon Norge på Agder for å bygge og utvikle eit turkeri for eik.

Utgangspunktet for planane er skogeigar Jan Petter Gysland på Snartemo. Han ser for seg satsinga som landbruksutvikling, og satsar på eit turkeanlegg som kan ta inn tømmer frå heile regionen.

– Eige tømmer blir berre ein ørliten del av dette. Så skal det vere sagt at alt er så tidleg i prosessen at det ikkje er teke noko endeleg beslutning om prosjektet. Vedtaka frå Innovasjon Norge opnar i alle fall for ei satsing, seier Gysland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han har fått tilsagn om 1 mill. kroner i bygdeutviklingsmidlar frå Innovasjon Norge på Agder og eit lågrisikolån på 1.8 mill. kr. 

Tretype som må turke lenge 

Turkinga som gjeld eik er meint som eit ledd i prosessen med å levere akkurat det treslaget til møbelindustrien.

– Eika er ikkje som anna tømmer. Skal ein luffturke eik kan det ta mange år. Ein må ha lokalar og maskinar som handterer dette spesielle treslaget. Viss ein turkar eika feil blir det sprekkdannelse, då er materialet ikkje brukande til møbelproduksjon, seier Jan Petter Gysland.

Bygg og maskinar

Viss Vintereik AS går inn for satsinga skal det byggast eit turkeanlegg på Jåddan industriområde på Snartemo.

– Eg kan ikkje kome med tal på investeringa, det er for tidleg i prosessen. Det eg kan seie er at sjølve bygget blir hovuddelen, men så må det sjølvsagt på plass nødvendige maskinar for å få anlegget i gang. No skal me sjå vidare på dette. Eg kan ikkje no seie kva tid me tar ei avgjersle, seier Jan Petter Gysland i Vintereik AS til Setesdølen.