Hylestad skule kan bli lagt ned neste år.
Hylestad skule kan bli lagt ned neste år.

Vil legge ned Hylestad skule

– Smertegrensa er nådd. Foreldra i Hylestad vil ikkje sende borna sine til ein skule der det knapt finst elevar. Hylestad skule må leggast ned, seier leiar i levekårsutvalet i Valle kommune, Hildeborg Homme (Ap).

Til møtet i levekårsutvalet i neste veke kjem Homme med framlegg om å legge ned skulen frå hausten 2019.

– Så må det seiast med ein gong at både barnehagen og SFO i Hylestad skal bestå, og ikkje ein einaste tilsett skal seiast opp. Det er skulen det handlar om. Stadig fleire foreldre i Hylestad har kontakta meg og sagt at no er det nok. Klassar med to-tre elevar, gjerne klassar med ein gut eller jente aleine, det går bare ikkje. Miljøet blir alt for prega. Ikkje har dei mange nok å spele på med tanke på skulearbeidet, og ikkje blir det mange nok å leike med. Hugs at leiken er ein viktig del av sosialisering og utvikling i skulekvardagen, seier Homme.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ikkje økonomisk

Ho slår fast at økonomi ikkje har noko som helst med framlegget ho no førebur å gjere.

– Eg har ikkje ein gong rekna på økonomien. Med barnehage og SFO i Hylestad og resten i Valle må kommuen finne fram til ordningar for skyss og anna som fungerer. Det er likevel ikkje det alt handlar om. Me må sikre eit skulemiljø som er så godt som råd. Hugs at sjølv om me samlar alle elevane i Valle blir Valle skule likevel ein liten skule! Då seier det seg sjølv at å halde fast på to skular er uforsvarleg. Komande barnekull er heller ikkje store nok til å forsvare å halde fram med dagens skulestruktur, meiner Homme.

– Toler ein storm

– Eg håpar på støtte i denne saka, men skal nok tole det om det blir storm også. Det veg tungt for meg at så mange foreldre ber om hjelp. Då er det mitt ansvar å høyre dei. Samlar me alle elevane på Valle skule vil i alle fall miljøet både for dei og dei tilsette bli litt større. Eg er viss på at dette er det einaste grepet me no kan ta for å sikre borna våre eit så godt skulemiljø som råd, seier Hildeborg Homme.

Hylestad skule kan bli lagt ned frå hausten 2019.
Hylestad skule kan bli lagt ned frå hausten 2019.

Levekårsutvalet i Valle kommune har møte tysdag i neste veke.