I går vart det påvist eit nytt smittetilfelle i Evje og Hornnes. 11 personar har dermed fått påvist covid-19 sidan smitteutbrotet starta sist veke.

11 smittetilfelle i Evje og Hornnes

Måndag ettermiddag kom det 11. påviste tilfellet av covid-19 i Evje og Hornnes.

Dei 11 smitta er isolerte, og 203 personar sit i karantene. Dei fleste nærkontaktane til det nye smittetilfellet er busette i andre kommunar, og er difor registrerte i karantene der.

Kommunen har auka testkapasiteten ved legesenteret, og ber alle som kjenner på symptom om å teste seg. Koronatelefonen held også opent på sundagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

I samband med smitteaukinga er det no også innført besøksforbod på Evjeheimen, i omsorgsbustadene og på Hornnesheimen. Evje ungdomsskule og Evje og Hornnes Voksenopplæring opnar ikkje opp att før tidlegast 16. oktober.

Les også
Fire isolerte og 259 i karantene i Evje og Hornnes
Les også
Evje ungdomsskule blir stengt